Honndalsfondet - næringsfond for nyetableringar i Hornindal

Ein anonym gjevar har oppretta eit fond som skal gå til personar eller selskap som ønskjer å setje i gang nye tiltak/verksemder som vil gje nye arbeidsplassar i Hornindal.
Det er styret i Volda Næringsforum som disponerer dette fondet.

Søknadar kan sendast til e-post post@voldaforum.no og vert handsama løpande i styremøte.
Ta gjerne kontakt på e-post eller telefon for meir informasjon.

Retningsliner for Honndalfondet finn du HER.

Ordførar Sølvi Dimmen og dagleg leiar Roar Vikene i Volda Næringsforum, frå lanseringa av fondet januar 2023.